onsdag 28. april 2010

8 år

Emil...
Eg har dårlig samvittighet for at eg gløymde Elise 7 år på laurdag. Men i natt sit eg vaken og tenker på deg. Du skulle ha møtt litlasøstro di! Ho er fantastisk, likeså brødrene dine, men dei høyrde du vel når du var inne i magen og dei utanfor?

Eg tenker på foreldra dine. På søstra mi og min kjære svoger.
Eg vil så gjerne snakke om deg, men eg har ingen ord i munnen min. Men fingrane mine har mange. Og augene mine mange tårer. -Og du er aldri langt unna tankane mine.

Eg skal gå på kyrkjegarden idag. Ikkje der du ligg..men ein annan. Men eg lover eg skal sitte på benken og tenke på deg og på dei som er glad i deg. Akkurat slik eg pleier på denne dagen.

1 kommentar:

Linn sa...

Det var triste ord aa lese R. :(