fredag 9. januar 2009

Fra gamle dager

Et innlegg på ein annan blogg fikk meg til å bla i ark fulle av ord skrevet ein gang da hånda forma bokstavane i ei bok, og ikkje trykka dei ned på eit tastatur slik eg gjer no. Her er ein smakebit:

Det tomme rommet gjev meg ingen svar
vil ikkje seie meg kva eg enno har
Eg ser attende, ser gamle kjende
og undrar på kva det var som hende
For ein gong i mellom då og no
forsvann noko i meg som gav meg ro
Den tida kjem ikkje att - det veit eg
Så eg freistar å gå vidare med små, små steg
Til slutt står eg einsam ein stad i det ukjende
vekke frå det som var, og utan å vite
kva som vil hende.

30/01-99

Det er alltid litt skummelt å kjenne at ein står ved ein korsveg. Uansett om ein er 17 eller 31 (eller andre aldre for den del). Men etterkvart venner ein seg til at livet består av mennesker som kjem inn i livet - nokon blir, medan nokon forsvinner. Eg trur det er ei meining bak alle våre møter. Alle møter og hendingar som har skjedd i livet mitt har gjort meg til den personen eg er i dag - eg er summen av alt eg har opplevd til no, både dei bra og dei mindre bra opplevingane. Men at det er slik livet er, gjer det nok ikkje enklare når ein står midt i eit slikt skille der ein ser mennesker ein er glad i forsvinne ut av livet sitt - om det er for eit kort eller lang stund dei vert borte - eller kanskje for alltid. Etterkvart blir ein imidlertid vant til det, og erkjenner det som eit sentimentalt stikk i hjarterota. Minnene har ein derimot, og i staden for å dvele ved bitterhet og savn, kan ein velge å dvele på lærdommen akkurat denne personen hadde med seg inn i livet ditt, og hugse latter og gode minner dersom det også eksisterte.