tirsdag 28. april 2009

Emil

Det skulle vært bursdagen din.
Og eg skulle glømt å ringe deg
Eller ringt deg for seint
Eller dagen før
Fordi eg ikkje huska det
Og pakken din skulle du fått for seint
Kanskje neste gang eg såg deg
Og du hadde begynt å synes at det eg hadde kjøpt til deg var for babyer, og ikkje for ein stor gut som deg.
Og du hadde sikkert heia på Brann
Og sunget brann-sangen høgt kvar gang du såg meg
Bare for å erte
Og fordi storebror som du hadde sett opp til gjorde det først
Og eg skulle alltid hatt dårlig samvittighet
Og savna deg fordi eg alltid var så langt vekke
Og aldri kom meg til å komme på besøk.
Og kvar gong eg såg deg
Skulle kroppen min blitt varm av glede
Fordi eg var tante til ein så nydelig gut som deg
Buketten med 11 nydelige tantebarn skulle vore komplett.

I staden for husker eg dagen din
Men eg kan ikkje ringe deg
Og eg kan ikkje gi deg nokon gave
Og eg rakk aldri å treffe deg
Og veit ikkje om det finnes fotball der du er
Og du fins alltid i tankane mine
Og eg har dårlig samvittighet for at eg ikkje besøker deg der du er
Og du er altfor langt vekke
Og augene mine blir våte når eg tenker på deg
Fordi eg er tante til ein nydelig gut som deg
Og fordi eg savner deg
Og fordi du skulle fyllt 7 år
Og fordi det føles urettferdig at du ikkje er her

Og eg gråter litt for meg
Og litt for foreldra dine
Og litt for søskena dine
Og for resten av familien din
Og mest av alt for deg!

Savner deg Emil!